![]() |
Nordlandsatlaset!http://kart.fmno.no/planDette er ”Nordlandsatlaset”, der vi har samanstilt ein god del geografisk informasjon i Nordland. Du finn her oppdaterte verneområdegrenser, oversikt raudlistearter, naturtyper, SEFRAK-bygningar (eldre bygningar), gjeldande kommuneplan for ei rekke kommuner, oversikt over ulike administrative grenser (politidistrikt, mattilsynet sine regionkontor, regionrådsgrenser, sivilforsvarsregionar m.m.), eigedomsgrenser, sogne-, val-, postnummer- og skulegrenser, oversikt over befolkningsutvikling i Nordland, arealstatistikk og dessutan valgfrie bakgrunnskart (flybilder eller standardkart frå Statens kartverk. |
![]() |
Nordlandsatlaset med unntatt offentlegheit informasjonhttp://kart.fmno.no/uoff_arterDenne klienten er identisk med Nordlandsatlaset, men har i tillegg artsopplysningar som er unntatt offentlegheit. For å få tilgang til denne klienten må ein ha brukernamn og passord, dette kan ein få ved å henvende seg Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen. Tildeling av passord vil vere restriktiv. Denne klienten vil bli erstatta av Naturbase 4 når Direktoratet for naturforvaltning lanserer denne databasen hausten 2011. |
![]() |
Flybilder i Nordlandhttp://kart.fmno.no/kunkartDenne klienten viser flybilder for Nordland og standard bakgrunnskart. Svært enkel å bruke - og raske kart. Tips! I tillegg til ”Google”-zoomlinjalen i høgre side av bildet kan ein halde inn ”shift”-knappen og trekke ut ein firkant med peikeren! Bildegrunnlaget i klienten stammar frå Omløpsfotograferinga, eit program for å skaffe heildekkande flybilder (ortofoto) for Norge. Bildene er tatt frå ca 2007 og fram til i dag. |
DatafangstklienterFylkesmannen har etablert to klientar for datafangst. Desse to kartklientane er laga for at konsulentar og andre som gjer oppdrag for Fylkesmannen skal kunne drive digitalisering og redigering av nye og eksisterande kartobjekt. Den eine klienten er tilpassa viltkartlegging (DN-håndbok 11) og den andre er tilpassa kartlegging av naturtyper etter DN-håndbok 13. |
|
![]() |
http://kart.fmno.no/naturtypeKrev brukernamn og passord. |
http://kart.fmno.no/viltkartleggingKrev brukernamn og passord. |
|
http://kart.fmno.no/vegKlient for ajourføring av skogsvegar i Nordland. Betaversjon! Krev brukernamn og passord. |
Ein del av innhaldet i desse kartklientane er det muleg å legge til i eigen GIS-verktøy ved hjelp av såkalla WMS-tenester. Alle tenestene ramsa opp under er tilgjengelege i Nordlandsatlaset. For meir informasjo om wms, sjå t.d. http://www.opengeospatial.org/standards/wms
Inneheld SEFRAK-registreringar for heile Nordland, i tillegg punkt- og flateregistreringar frå Regional kulturminneplan for Lofoten.
Vi har motteke kommuneplanar frå om lag 15 av dei 44 kommunane i Nordland. Desse er tilgjengelege i Nordlandsatlaset. Planene er på vektorform og er dels etter gamal, dels etter ny plan og bygningslov.
Dette temaet inneheld grensene for Sivilforsvarsregionane, Reinbeiteområder, NVE sine regiongrenser, Statskog sine regiongrenser og oversikt over statsgrunn, Helse Nord sine sjukehusgrenser, Regionrådsgrenser, Politidistriktsgrenser og kommunegrenser.
Dette temaet inneheld kommunegrenser med ein del tilhøyrande statistikk: Folketal og folketalsutvikling, Robek-status og arealstatistikk.
Dette temaet inneheld kartlagte naturtyper i Nordland, raudlistearter frå Artskartet til Artsdatabanken og naturvernområder i Nordland (Naturreservat, Nasjonalparker og Landskapsvernområder). Dette er tema som og er tilgjengeleg frå Direktoratet for Naturforvaltning (www.naturbase.no) og frå Artsdatabanken (www.artsdatabanken.no) .